Bjorn Eidsvag - Songen Lyrics

Bjørn Eidsvåg - Songen

Ingen visste kor songen kom ifrå,
men me syns me eingong hadde hørt han før
Den fylte oss med uro, med varme og lengt
og trong te' å leita, undras og spør
Songen lot seg slett ikkje fanga
Me prøvde, men den glapp for oss gong itte gong
Det va som om me blei funne og fengsla
Det va ein forunderleg gripande song
Songen va av og te plagsom og vond
Då bygde me rundt oss ein festning av stein
Så fekk den oss brått te å synga og dansa,
stemde te høgtid med fjørlette bein
Då dansa me inn i kong Salomons slott
og blei varme av vin og visdoms ord
Og me leika oss långt ut te gjetarens bål
og song salmer med David i fleirstemt kor
Den førte oss og inn i smerten og sorgen
te den misbrukte ungen og den sørgande mor
Te skjøgens lengt og te drankarens savn,
og den dreiv oss i avmaktens drepande spor
Og den jaga oss inn te vårt innerste rom
der ikkje eingong englar tør vær
Me svetta i redsel og banna i trass,
men endte i gråt og bøyde kner
Men songen den løfta oss og fylte oss med mot
te å leva med himlen på grunnfjell og jord
Og aldri va songen så sterk og så klår
som i stille måltid rundt Mesterens bord
Så syng oss då inn i smerten og gleda,
syng oss te bords med venner og vin
Syng oss te nåde - te kjærleik og elskov
Te slutt - syng oss inn i songen din
Download this song with Freemake MP3 Boom or Audioham